Draumen om eit enklare liv - Frå London til Kroken
Torsdag 12. november
19:00 – 20:30
Peak Sunnfjord
Hafstadvegen 23, Førde, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Peak Sunnfjord AS
Kjent frå NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har Benjamin Ward gjort sterkt inntrykk på publikum med forteljingane om livet på godt og vondt, og gjenreisinga av fjellgarden Kroken i Luster.
Ben er ein engelsk handverkar, byggmeister og historieforteljar som har skapt seg eit liv utanom det vanlege på ein gammal fjellgard høgt over fjorden på Vestlandet.
Men historia hans handlar om langt meir enn å byggje hus. I dette foredraget deler Ben erfaringane sine med å ta sjansar, starte på nytt, lære undervegs og gjere tilsynelatande urealistiske idear til verkelegheit.
Frå restaureringa av ein gløymd fjellgard og bygginga av ei badstove og ei hytte i tretoppane, til TV, sosiale medium og uventa moglegheiter som har dukka opp undervegs. Med humor og ærlegdom fortel Ben om både oppturar, nedturar og alt kaoset som følgjer med når ein kastar seg ut i det ukjende.
I botnen handlar det om å tore å følgje ein draum, sjølv om ein ikkje heilt veit kvar vegen fører – og om kva som kan skje når ein vågar å prøve.
Foredraget er på engelsk.

Billetter
- Billett foredrag160 krekskl. mva.200 kr inkl. mva.

