Dansefest i Trondheim
17. oktober kl. 20:00 –
18. oktober kl. 23:59
BUL-salen til BUL i Nidaros
Søndre gate 22B, Trondheim, Norge
Om arrangementet
Arrangør: NOREGS UNGDOMSLAG
Laurdag 17.oktober byr vi opp til dans i BUL-salen til Bondeungdomslaget i Nidaros. Det blir godt og variert dansespel frå Einar Olav Larsen og Daniel Røssing.
I samarbeid med Bondeungdomslaget i Nidaros inviterer vi til dansefest i BUL-salen midt i Trondheim by.
Det vil bli variert dansespel og moglegheit for både turdans, runddans, bygdedans og songdans.
Musikarar denne kvelden er folkemusikar Einar Olav Larsen frå Verdal og bluespianist Daniel Røssing frå Levanger/Trondheim.
I år er det 20 år sidan dei starta sitt samarbeid og hadde sin første opptreden på Hilmarfestivalen i Steinkjer. Nettopp Hilmar Alexandersen og hans samspel
med pianisten Sturle Hallås er framste inspirasjonskjelde for duoen. Dette
samspelet kjenneteiknast av elegant felespel og raffinert og originalt
piano-akkompagnement, som Alexandersen og Hallås utvikla gjennom speling
på bryllaup og festar på Innherred gjennom ein mannsalder.
Einar Olav og Daniel skapar med sin musikalske bakgrunn eit eige uttrykk med utgangspunkt i denne tradisjonen.
Dansefesten er open for alle i alle aldrar.


