Filtekurs med Nina Filtmaker
29. januar 2027 kl. 17:30 –
1. februar 2027 kl. 19:30
Sunnhordland museum
Museumsbakken 16, Stord, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Stord Husflidslag
Kurs i filting – lag di eiga kurv
Stord Husflidslag arrangerer kurs i filting av kurv.
Bli med på eit inspirerande kurs i filting med Nina Tvedt Sliper frå Nina Filtmaker.
På kurset skal deltakarane lage si eiga filta kurv frå botnen av. Kurset passar både for nybyrjarar og for dei som ønskjer å lære meir om filting og arbeid med ull.
Nina er ein erfaren filtmakar med stor lidenskap for handverket og for berekraftig bruk av naturlege materiale.
Velkomen til ei kreativ og triveleg stund fylt med handverksglede, skaparlyst og glede over å arbeide med naturlege materiale.
Kurset er ope for alle, både medlemmar og ikkje-medlemmar.
Kurset går over tre økter:
- Fredag 29.01.2027 kl. 17.30–21.30
- Laurdag 30.01.2027 kl. 10.00–14.00
- Måndag 01.02.2027 kl. 17.30–19.30
Stad: Sunnhordland Folkemuseum alle dagane
Om kurshaldaren:
Nina Tvedt Sliper driv verksemda Nina Filtmaker og har i mange år arbeidd med filting som handverk og kunstuttrykk. Ho er særleg oppteken av berekraft og nyttar naturlege materiale som norsk ull, silke og merinoull i arbeidet sitt.
Les meir om Nina:
- Nettside: www.ninafiltmaker.com
- Facebook: @ninafiltmaker
- Instagram: @tvedtsliper
Stord Husflidslag er svært glade for å ha fått Nina Tvedt Sliper som kurshaldar. Med hennar kunnskap, erfaring og engasjement for filtehandverket ligg alt til rette for eit inspirerande kurs. Me gler oss til å ynskje Nina velkommen til Stord og til lærerike og kreative kursdagar saman.
Kurset er arrangert av Stord Husflidslag og er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Stord Husflidslag tek atterhald om tilstrekkeleg tal påmelde for å kunne gjennomføre kurset.


