The Secret Garden (1993)
Mandag 28. desember
17:00 – 19:00
Trudvang
Jarstadvegen 5, Dale i Sunnfjord, Norge
Om arrangementet
Arrangør: FJALER FILMKLUBB
Den hemmelege hagen / The Secret Garden (1993)
Regi: Agnieszka Holland · 101 min · Med Kate Maberly, Heydon Prowse, Andrew Knott og Maggie Smith
Bli med på juleframsyning for store og små!
Mary Lennox har vakse opp i India og er vand med å få det som ho vil. Då ho misser foreldra sine, vert ho send til onkelen sin på eit stort og dystert gods i England. Der er det mange stengde dører, strenge vaksne og rare lydar om natta. Men ein dag viser ei lita raudstrupe henne vegen til ein nøkkel, og nøkkelen går til ein hage som har vore låst i ti år.
Saman med Dickon, som kan snakke med dyra, og den bortgøymde fetteren Colin, som aldri har vore utandørs, set Mary i gang med å vekkje hagen til liv att. Og etter kvart som blomane spirer, skjer det noko med barna òg.
Filmen byggjer på den klassiske barneboka til Frances Hodgson Burnett frå 1911 og har vakre bilete, eit nydeleg lydspor og Maggie Smith i rolla som den strenge husbestyrarinna. Ei varm forteljing om venskap, mot og kor mykje godt det gjer å bry seg om noko. Perfekt for ein mørk desemberkveld!
For foreldre: Filmen startar med at Mary misser foreldra sine i eit jordskjelv, og nokre scener kan vere litt skumle for dei minste. Passar best for born frå om lag 7 år.
English
The Secret Garden (1993)
Directed by Agnieszka Holland · 101 min · Starring Kate Maberly, Heydon Prowse, Andrew Knott and Maggie Smith
Join us for a Christmas screening for the whole family!
Mary Lennox has grown up in India, used to getting her own way. When she loses her parents, she is sent to live with her uncle in a huge, gloomy manor house in England, full of locked doors, stern grown-ups and strange sounds at night. But one day a little robin leads her to a key, and the key opens a garden that has been locked for ten years.
Together with Dickon, who can talk to animals, and her hidden-away cousin Colin, who has never been outdoors, Mary sets out to bring the garden back to life. And as the flowers begin to bloom, something changes in the children too.
Based on Frances Hodgson Burnett's classic 1911 children's book, the film has beautiful images, a lovely score and Maggie Smith as the strict housekeeper. A warm story about friendship, courage and how good it feels to care for something. Perfect for a dark December evening!
For parents: The film opens with Mary losing her parents in an earthquake, and some scenes may be a little scary for the youngest. Best suited for children aged about 7 and up.