Nybegynnerkurs i sveiping
2. oktober kl. 18:00 –
24. oktober kl. 17:00
Midtli grendahus
Øvre Nordheradsvegen 836, 2680 Vågå, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Vågå Husflidslag
Kurset er innføring i sveipeteknikk. Med denne teknikken kan ein lage boksar, fat, korger og tiner. Målet for kurset er at alle kursdeltakarane skal lage eit par fat, eventuelt ein boks med lokk.
Kurset går over to helger, fredag kveld og laurdag med totalt 3 + 8 + 3 + 8 timar inklusive pauser. Det er plass til maksimalt 6 deltakarar. Alle får eit kurshefte.
Kurslærar er Einar Turtum
Dei som har, tek med skrutvinger f. eks. 50*100 mm, eller små hurtigtvinger.
Plan for kvar kveld:
1. 3 timar fredag første kurshelg. Presentasjon av studieplanen. Ein kort gjennomgang av teknikken og framsyning av ein del eksempel på ting som kan lagast. Litteratur.
Kort innføring i bruk av maskinene med vekt på sikkerhet.
Kursleiaren har med seg ferdig bløytte spon, og deltakarane får sveipe på kvar sin gjenstand.
Lage emne til nytt sveip og leggje dei i bløyt.
2. 8 timar laurdag. Demonstrasjon av korleis ein lagar ein mal, og eventuelt lage fleire.
Forskjellige former og sveipendar blir studert. Handtak?
Innimellom blir det fortalt om historikk og meir om sveipeteknikk. Tips om treslag som er fine å bruke.
Vi ser på korleis ein skal sage opp bord, høvle dei og lime dei saman til plater som skal brukast til botn og lokk. Noko materealteknikk.
Sveipe andre sveipet. Eventuelt sveipe handtak.
Vi tar det første sveipet av malen og pussar det og formar til sveipenden (dersom det er tørt nok).
3. 3 timar fredag andre kurshelg.
Pussing og forming av den første gjenstanden vi laga blir avslutta og sveipet limt.
Pussing, forming og liming av den andre gjenstanden.
Sy med tæger.
Høvling av botn og lokk.
Dekorteknikar – kolrosing og karveskurd.
4. 8 timar laurdag.
Litt om formgjeving, helst som ein diskusjon mellom deltakarane.
Tilpassing (fresing og filing) av botn og eventuelt lokk. Trosken blir limt til botnen og festa med trenaglar. (Lage trenaglar.)
Utholing av lokk.
Overflatebehandling.
Det kan bli knapp tid for enkelte. Det kan vera nødvendig å gjera noko arbeid mellom kurshelgene eller etterpå.
Dei som vil, kan starte nye prosjekt med eigne materialar eller det som er til overs frå kurset.
Innimellom når det er tid:
Vi ser på dekorteknikkar som maling, svibrenning, kolrosing og karveskurd. Deltakarene får prøve dette på gjenstandane sine eller på prøveplater.
Korleis finne tæger.
Vi diskuterer overflatebehandling med vekt på bruk av olje
Materialar:
Kurslærar ha med:
Emne til sveip, botn og lokk.
Tæger.
Trelim.
Olje.
Svamp til oljing.
Sandpapir.
Plater og skruar til former.
Det blir 2 - 300 kroner å betale for materialer

