Tynnlefse kurs på steiketakke
Lørdag 14. november
10:00 – 15:00
Stord vidargåande skule
Vikastemmo 35, Stord, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Stord Husflidslag
Stord Husflidslag arrangerer kurs i tynnlefser på steiketakke
Tradisjonsbaking av lefser på steiketakke er ein viktig del av norsk matkultur og handverkstradisjon. Gjennom generasjonar har kunnskapen om baking av lefser blitt overført frå eldre til yngre, og kvar region har utvikla sine eigne variantar og baketradisjonar.
På dette kurset får deltakarane læra grunnleggjande teknikkar for tradisjonell lefsebaking, frå deiglaging og utkjevling til steiking på varm takke.
Målet er å formidla både praktiske ferdigheiter og kunnskap om kulturhistoria knytt til lefser i Noreg.
Gjennom øving og rettleiing får deltakarane utvikla handlaget som skal til for å lage tynne, mjuke og velsmakande lefser.
Stad: Stord vidaregåande skule, Vikastemmo 35, (Yrkesskulen).
Tid: Laurdag 14. november frå kl.10.00 - 15:00.
Lærar vert Annbjørg Grov saman med hjelpelærar Randi Isdal og Lone Myrvold
Kurset er opent for alle, både medlemmar og ikkje medlemmar.
Kvar deltakar må ta med steiketake, lefsekjelve, bakepinne, to stykk bakeboller, kjøkkenhandklede, røresleiv, eske til å frakte med seg lefsene i.
Om du manglar noko av dette, gi beskjed så tek me med oss til utlån.
Kurshaldar tek med råvarene ein treng til deigen, som ei betalar for på kurset, ca kr 100,-
For spørsmål kontakt Randi på tlf.926 98 807 eller Lone på tlf. 950 83 620
Velkommen på kurs.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Stord Husflidslag tek forbehold om tilstrekkelig antall påmeldte for at kurset tek til.