GIMME! GIMME! - An ABBA Experience
10. oktober kl. 20:00 –
11. oktober kl. 02:00
Kulleseidkanalen Gjestehamn
Kulleseidkanalen Gjestehamn, Kanalvegen, Finnås, Norge
Om arrangementet
Arrangør: KULLESEIDKANALEN GJESTEHAMN AS
🪩 ✨GIMME! GIMME! ER TILBAKE! ✨🪩
Etter førre konsert er me klare for ein ny runde med ABBA-magi! Finn fram glitter og glam, snør på deg danseskoa – og gjer deg klar for ein kveld med allsang, energi og skikkeleg god stemning! 🕺💃
Gimme! Gimme! består av sju artistar og musikarar frå Bømlo, med to kvinnelege vokalistar i front og eit solid femmannsorkester i ryggen. Saman byr me opp til dans med ABBA-klassikarane du kjenner og elskar – frå dei store allsangfavorittane til låtane det er umogleg å sitje stille til.
På scena:
Marit-Helene – vokal
Mari – vokal
Kenneth – trommer
Stian – gitar
Hans-Gunnar – tangentar
Geir – gitar
Jan Terje – bass
Glitteret skal skinne, allsangen skal ljome og dansegolvet skal leve
– me gler oss til ABBA-fest 🪩 ✨
- GIMME! GIMME! An ABBA Experience
Dørene opnar 20:00, bandet går på scena ca 22:00
18års aldersgrense


