Sjøkart nr. 19 går på land under Kanaldagane
4. september kl. 21:00 –
5. september kl. 02:00
Kulleseidkanalen gjestehamn AS
Kulleseidkanalen Gjestehamn, Kanalvegen, Finnås, Norge
Om arrangementet
Arrangør: KULLESEIDKANALEN GJESTEHAMN AS
Onsdag 4. september skjer det noko utanom det vanlege. Etter år med seglas frå kai til kai i øyriket Bømlo legg Sjøkart nr. 19 og MS Solbjørg til ved Kulleseidkanalen og tek den sjeldne vegen opp på land.
Prosjektet har røter i Kystsonglaget sin folkekjære song «Sjøkart nr. 19» og har gjennom fleire år utvikla seg til ein heilt særeigen turné med musikk, skrøner, humor og ekte kystkultur. Vanlegvis finn du dei på brygger og kaiar rundt om i sjøkart nr. 19, men denne kvelden flyttar dei scena inn i det stemningsfulle Grindabygget ved Kulleseidkanalen.
Kvifor ikkje gjera ein heil kveld ut av opplevinga?
Restauranten held ope med vår rikhaldige à la carte-meny fram til kl. 20.00, med mellom anna smakfulle blåskjel og fleire gode rettar frå hav og land. Start kvelden med ein betre middag i hyggelege omgjevnader før tonane frå Sjøkart nr. 19 tek over.
Når mannskapet går i land frå den tradisjonsrike skøyta, ligg alt til rette for ein kveld fylt med musikk, historier, latter og kystkultur på sitt aller beste.


