Kystsonglaget i Kulleseidkanalen gjestehamn
5. september kl. 21:00 –
6. september kl. 02:00
Kulleseidkanalen gjestehamn AS
Kulleseidkanalen Gjestehamn, Kanalvegen, Finnås, Norge
Om arrangementet
Arrangør: KULLESEIDKANALEN GJESTEHAMN AS
Kystsonglaget spelar salte vestlandsviser ved Kulleseidkanalen laurdag 5. september! Frammøtte får høve til å trampa og tralla med på visene av Salhuskvintetten, Medaas, Kleppevik og andre legendar. Ein kan venta seg alt frå svulmande patos til det reinaste vrøvl – men alltid gjort med kjærleik til vår vestlandske identitet og kystkultur. Først skal me ro, så skal me starta rubb-motoren, så skal me ut og fiska, og til slutt skal me leska oss og syngja.
Kvifor ikkje gjera ein heil kveld ut av opplevinga?
Restauranten held ope med vår rikhaldige à la carte-meny fram til kl. 20.00, med mellom anna smakfulle blåskjel og fleire gode rettar frå hav og land. Start kvelden med ein betre middag i hyggelege omgjevnader før Kystsonglaget tek over.
Vel møtt!


