Juniorinstruktørkurs (folkedans)
12 September 10:00 –
13 September 16:00
Voss Ungdomshall
Uttrågata 18, 5700 Vossevangen, Norge
About the event
Organizer: NOREGS UNGDOMSLAG
Juniorinstruktørkurs
(folkedans)
12.-13.september 2026 inviterer Noregs Ungdomslag til juniorinstruktørkurs i folkedans der hovudfokus vil vere å lære repertoar som passar for barn. Instruktør er Audun Grüner-Hegge.
Påmeldingsfrist: torsdag 27. august kl. 23:59.
Om kurset:
På dette juniorinstruktørkurset vil du lære mykje om korleis du kan planlegge og gjennomføre ei danseøving for ei gruppe beståande av barn eller yngre.
På kurset vil de gå gjennom eit repertoar av dansar som passar å bruke i barnedansegrupper. Nokre av dansane har du heilt sikkert vore borti tidlegare, medan andre dansar kan vere nye.
Målet med kurset er å gjere deg som er ny som instruktør tryggare i instruktørrolla og gi deg verktøy du kan bruke når du skal gjennomføre øvingar i ditt lokallag.
Målgruppe:
Unge og ferske instruktørar som har lyst til å bli tryggare i instruktørrolla. Har du blitt ei av de eldste i ungdomsgruppa i laget eller har du nettopp fått spørsmål om du kan hjelpe med å leie barnedanseøvingane? Då er dette kurset midt i blinken for deg.
Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Audun Grüner-Hegge. Audun er utdanna pedagog, jobbar som lærar og er ein erfaren og allsidig folkedansar og instruktør. Han har vore instruktør i ulike grupper, både for barn, unge og vaksne - og har halde fleire kurs for Noregs Ungdomslag. Audun er kreativ og kunnskapsrik, og kjenner dei ulike dansefamiliane i Noreg godt.
Musikar på kurset er ikkje klart enda. Informasjon kjem.
Program (med atterhald om endringar):
Kurs laurdag 10:00-16:00
Kurs sundag 10:00-16:00
Kurslokale:
Voss Ungdomshall
Uttrågata 18, 5700 VOSSEVANGEN
Overnatting:
Har du behov for overnatting ordnar kvar enkelt dette sjølv.
Er du medlem i NU, får du rabatt på alle Strawberry-hotell (https://www.ungdomslag.no/medlemsfordelar/hotell-strawberry)
Prisar og betaling:
Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 600,-
Kurspris ikkje-medlem: 1100,-
Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.
Lunsj, kaffi/te og snacks er inkludert i kursprisen for begge dagar.
OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med oss før du fullfører påmeldinga (post@ungdomslag.no).
Reise og mat:
Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj.
Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.
Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist for påmeldinger torsdag 27.august kl. 23.59.
MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.
Spørsmål ang. kurset kan rettast til rita@ungdomslag.no.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.