SALMENS KRAFT, Fagdagar for kyrkjemusikarar
16 September 10:30 –
17 September 15:00
Bønes kirke
Øvre Kråkenes 250, Bønes, Norge
About the event
Organizer: Den norske kyrkja v/Bjørgvin bispedømeråd
«SALMENS KRAFT»
Fagdagar for kyrkjemusikarar
16.–17. september · Bønes kirke, Bergen
DAG 1 Onsdag 16. september
10:50
Preludium
11:00
Velkommen og presentasjon
Inndeling i grupper — deltakarar frå ulike stader vert sette saman på førehand
12:00
Lunsj
13:00
Salmane bruk i kvardagen
Ragnhild Strauman · KUN / VID Tromsø
Foredrag knytt til hennar doktoravhandling om bruk av salmar og songar i Den norske kyrkjas trusopplæring — eit felt ho skildrar som nesten uutforska i Noreg.
Ph.d. i musikkpedagogikk, Norges musikkhøgskole
14:00
Sangens funksjon — «Genosang» og «Fenosang»
Vibeke Tellmann · Universitetet i Bergen
Universitetslektor i filosofi ved UiB presenterer arbeidet sitt med Roland Barthes sitt omgrep om stemmens «korn» — skilje mellom det teknisk-kommunikative (Fenosang) og det kroppsnære, individuelle uttrykket (Genosang).
Estetikk og musikkfilosofi, UiB
15:00
Pause
15:15
Å gjera salmar — frå «Musicking» til «Hymnicking»
Ragnhild Strauman
Kva skjer eigentleg når vi syng salmar? Strauman tek oss med inn i forskinga på salmen som handling og praksis — ikkje berre som tekst og melodi.
15:45
Gruppearbeid og erfaringsdeling
Samtale i tverrfaglege grupper
16:15
Pause
17:30
Festmiddag med innslag
Sosialt samvær
Sosialt samvær
ca 19:30
Slutt
DAG 2 Torsdag 17. september
09:20
Preludium
09:30
Salmar dei neste 1000 åra
Knut Størdal · NTNU
Ei reise inn i nye og eksisterande salmars plass i norsk kultur — og arbeidet med salmerepertoaret mot Nasjonaljubileet 2030, som markerer tusen år sidan slaget på Stiklestad. Tradisjon og historie er viktig, men kva med salmane dei neste tusen åra?
Knytt til Nasjonaljubileet 2030
11:30
Lunsj
12:30
Interludium
12:40
Salmens plass i gudstenesta
Biskop Ragnhild Jepsen · Bjørgvin bispedøme
Biskop Ragnhild kjem til kyrkjemusikarane. Ho har stort engasjement for salmar og song og deler tankar om salmens rolle som berær av tru, tradisjon og fellesskap i gudstenesta.
Biskop i Bjørgvin sidan 2023
13:15
Gruppearbeid
Fordjuping og refleksjon i grupper
14:00
Mitt liv med salmane
Sigvart Dagsland
Dagsland er aktuell med salmekonserten «Det er makt i dei foldede hender» — 30 år etter originalinnspelinga — under Bergen kirkeautunnale. Han stiller til samtale om kva refleksjonar han har kring dette.
Salmekonsert · Bergen kirkeautunnale 20.9
14:45
Avslutning med felleskor
Leiing: Solveig Flekstad Vik
Alle syng saman
15:00
Ferdig
PRAKTISK INFORMASJON
Programmet har ein klar fagleg profil, men den sosiale delen av dagane er minst like viktig. Det vert mykje fellessong — vi lagar rett og slett eit felleskor under leiing av Solveig Flekstad Vik. Det vert også små preludium og interludium med bidrag frå deltakarane.
Kursstad
Bønes kyrkje har både flygel og orgel nede i kyrkjerommet og har gode lokale til fagleg samling og kurs. Det er parkeringsplass ved kyrkja. Elles går buss 15 frå Olav Kyrres gate og buss 14 frå Bergen busstasjon kvart kvarter.
Overnatting
For dei som treng overnatting er det enklast at kvar enkelt bestiller dette sjølv. Hotellprisane har gått opp i det siste, men eit godt og rimeleg alternativ er Scandic Bergen City, ved kinoen. Derifrå er det 7 minutt å gå til Olav Kyrres gate for å ta buss 15
Pris : 1400, for begge dager inklusiv all mat og program – Kun onsdag 1000, kun torsdag 700
Bestilling på Checkin :
BIDRAGSYTARAR
Ragnhild Strauman
Senterleder for Kirkelig utdanningssenter i Nord-Noreg (KUN), VID · 1. amanuensis i religionspedagogikk, UiT
Ragnhild Strauman er kantor, musikkpedagog og ph.d. frå Norges musikkhøgskole. Avhandlinga hennar handlar om bruk av salmar og songar i Den norske kyrkjas trusopplæring.
Les meir om Ragnhild Strauman (NMH)
Knut Størdal
Universitetslektor, Institutt for musikk, NTNU · Musiker i Vår Frue – open kyrkje, Trondheim
Knut Størdal er utdanna kyrkjemusiker ved Trøndelag Musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole. Han er arrangør og komponist, mellom anna representert med ein melodi i Norsk Salmebok 2013. Han var sentral i NRKs sakte-TV-produksjon «Salmeboka minutt for minutt» i november 2014.
Vibeke Andrea Tellmann
Universitetslektor i filosofi, Universitetet i Bergen
Vibeke Tellmann (f. 1972) har bakgrunn frå musikkstudium ved Griegakademiet og hovudfag i filosofi frå UiB. Arbeidet hennar ligg i skjeringspunktet mellom estetikk, musikkfilosofi og språkfilosofi.
Doktorgradsavhandling: Om relasjonar mellom musikk og språk (UiB)
Biskop Ragnhild Jepsen
Biskop i Bjørgvin bispedøme sidan 2023
Sigvart Dagsland
Artist og songar
.