Næringskonferansen i Flåm 2026
15 October 11:00 –
16 October 13:00
Fretheim Hotel
Nedre Fretheim 7, 5743 Flåm, Norge
About the event
Organizer: Norway's best AS
Vyer
Når vi samlast på Fretheim Hotel i Flåm i oktober, skal vi snakke om Vyer - om å sjå framover, om ambisjonar, om håp og det å ha framtidstru. Vi har invitert føredragshaldarar, som gjennom relevante og dagsaktuelle tema skal bygge opp under dette. Kvar for seg og samla vil dei gi oss innsikt og inspirasjon til å handtere vår eigen arbeidskvardag. Og danne grunnlaget for gode samtalar både under og etter konferansen.
Kva håp og ambisjonar har ein ungdom i 2026? Korleis skal vi utføre leiarskap som gir retning i usikre tider? Utviklinga innan KI gir oss uendelege moglegheiter, men det betyr også at vi må endre måten vi tenker og jobbar på.
Vi skal møte unge gründerar med nye idear og ein som har gjort drastiske val for å realisere den framtida han ønsker seg. Så skal vi gå 30 år tilbake i tid for å hente inspirasjon frå nokon som torde å tenke store tankar, og klarte å realisere dei. Ei suksesshistorie som no er dokumentert i ei heilt ny bok.
Også i år har vi invitert personar som skal gi oss inspirasjon og perspektiv til ettertanke. Om arbeidslivet sine mange paradoks. Og ikkje minst bodskapen om at uansett kva livet og framtida byr på – «Det er meg sjølv det kjem an på.»
Torsdag 15. oktober
Kl. 10.00 Registrering
Kl. 11.00 Minglelunsj i Fretheimsalen
Kl. 12.00 Opning
Kl. 12.30 Risky business – leiarskap i usikre tider
Uro og usikkerheit er den nye normalen. Hege Toft Karlsen, konsernsjef i Fremtind, gir sine perspektiv på korleis vi skal navigere risiko, sette retning og handle når rammevilkåra er i konstant endring.
Kl. 13.10 Pause og mingling
Kl. 13.30 Sognapitch
3 gründerar presenterer ideane sine. Vinnaren blir kåra under konferansemiddagen.
Kl. 14.00 Det norske arbeidslivet sine paradoks
Gjennom ekte historier viser Fredrik Fornes, Norges største arbeidslivinfluensar, at arbeidslivet er langt frå så inkluderande som vi skulle tru.
Kl. 15.00 Pause og mingling
Kl. 15.20 Arctic Norway og eit felles målbilde for utvikling i nord
Trond Øverås, dagleg leiar i Nordnorsk reiseliv, deler sine tankar om reiselivsutvikling i Nord-Norge og korleis dei skal sikre eit relevant og ansvarleg reiseliv for framtida.
Kl. 15.50 Heimkjøpet av Flåmsbana og 30 år med reiselivsutvikling
Lansering av boka om heimkjøpet av Flåmsbana og historia om prosessane som la grunnlaget for reiselivseventyret i Aurland.
Kl. 16.30 Slutt på fagleg program
Kl. 17.30 Apéritif om bord i Legacy of The Fjords
Vi tek deg med ein tur på fjorden og serverer apéritif om bord i nullutsleppsfartøyet Legacy of The Fjords.
Kl. 19.30 Konferansemiddag på Fretheim Hotel
Vi kårar årets leiar og årets bedrift, samt vinnaren av SognaPitch.
Fredag 16. oktober
Kl. 09.00 Frå London til Kroken
Benjamin Ward flytta frå London til fjellgarden Kroken i Luster, med draumen om eit enklare liv og om å skape noko sjølv. Han fortel oss korleis det har gått, men også om drivkrefter og møte med motgang.
Kl. 09.45 Eit lag – ein draum
"Eit lag - ein draum" speglar både ambisjonane til Sogndal FK damer og den større visjonen for kvinnefotballen i Sogn og Fjordane. Det handlar ikkje berre om eitt lag som vil opp og fram - men om å samle heile regionen bak ei felles satsing på jentefotball.
Kl. 10.10 Pause og mingling
Kl. 10.30 KI er ikkje teknologi – det er ein ny måte å jobbe på
For å kunne navigere i ein meir og meir kompleks verden, der avgjersler i aukande grad blir drive av teknologi og KI, må vi tenke og jobbe på nye måtar. Det er kjernen i bodskapen til Silvija Seres, ein av dei mest visjonære stemmene i KI-verden.
Kl. 11.30 Pause og mingling
Kl. 11.50 Å lukkast her vi er
Tone Myklebust, leiar for Norconsult Sogn og Fjordane, om korleis røter og tru på framtida har skapt eit attraktivt og leiande kompetansemiljø.
Kl. 12.15 Det er meg det kjem an på
Du kan ikkje kontrollere kva som skjer – men det er alltid du som bestemmer korleis du møter det. Gyrid Beck Solberg utfordrar oss til å bli meir bevisst på korleis vi reagerer på det som skjer.
Kl. 13.00 Takk for no
Bent-Cato Danielsen, driftsdirektør i Norway’s best, set ord på det vi har vore gjennom, før vi takkar for denne gongen og går inn i helga.