Organisasjonskurs: Bli kjend med Raulista
Onsdag 15. april
10:00 – 19:00
Om arrangementet
Arrangør: NORGES HUSFLIDSLAG
Velkommen til webinar om Raudlista.
Her kan du bli kjend med Helene og William, husflidskonsulentane som er ansvarlege for Raudlista.
På webinaret lærer de om kva Raudlista er og korleis den blir til, det er nemleg lokallaga sjølve som skapar Raudlista. De vil få gode eksempel på dokumentasjon på Raudlista, og høyre om korleis de kan dokumentere godt.
Til sist vil de få eit lynkurs i korleis de finn ein teknikk i dykkar lag som kan passe til Raudlista. Bli med på dugnaden med å redde utryddingstrua handverk!
Lenke til arrangementet blir sendt til din epost dagen før webinaret.

