Med mine øyne - en forestilling om å se verden med blinde øyne i Valestrand kulturkyrkje
Saturday 18 April
17:00 – 19:00
Valestrand Kulturkyrkje
Valestrand Kulturkyrkje, Ulverakervegen, Valevåg, Norge
About the event
Organizer: KABB Kirkeakademi og Valestrand Kyrkjeakademi
Når synet snur livet på hovudet
Synshemma Heidi Halvorsen har skrive to bestselgende diktsamlinger, bygde på eigne erfaringar. No kjem ho til Valestrand kulturkyrkje med ein unik forestilling.
– «Med mine øyne» handlar om korleis eg som blind ser og opplever verda gjennom mine auge, seier Heidi Halvorsen. Framsyninga er utvikla i samarbeid med Helga Samset.
Det kostar ingenting å få med seg framsyninga. Vi tek likevel opp kollekt under arrangementet. Du kan bestille gratisbillettar på denne sida. Er det vanskeleg å bestille, kan du ringje KABB på telefon 69 81 69 81 eller sende e-post til kabb@kabb.no.
Heidi fortel – med humor og djupt alvor – om nokre av dei vanskelegaste augneblinkane i livet. Publikum både ler og græt. Med seg har ho ektemannen Torkjell, som står for musikken.
Gjennom forteljing, musikk og dikt tek Heidi oss med inn i si verd. Vi får vere med på reisa hennar frå lys til mørke. Med Heidi som vegvisar får vi eit unikt innblikk i det som finst der – både gleder og sorger. Du får òg høyre om kva eit synstap kan gjere med livet og trua til eit menneske.
Her kan du lese meir om framsyninga.
– Sjølv om dei færraste opplever å miste synet, har alle ei historie. Dei fleste av oss har opplevd at noko har gått tapt eller blitt endra. Eg trur framsyninga kan vere med og skape eit ope rom med plass til heile livsbagasjen, seier Heidi.
Det vert sal av bøkene til Heidi og informasjon om KABB før og etter framsyninga. Etterpå blir det kaffi og noko å bite i.
Sidan framsyninga er gratis, tek vi opp kollekt til KABB. Gåve kan givast på VIPPS: 20729.
Framsyninga er utvikla med støtte frå K-Stud, Stiftelsen Dam og KABB