Kurs for ungdom: Sy bunaden din sjølv - stakkeskjorte frå Hallingdal (6 gonger)
8 April 18:00 –
29 April 21:00
Kulturvernets Hus, Øvre Slottsgate 2B, Oslo
Øvre Slottsgate 2B, Oslo, Norge
About the event
Organizer: NOREGS UNGDOMSLAG
Kurs for ungdom: Sy bunaden din sjølv - stakkeskjorte frå Hallingdal
Noregs Ungdomslag inviterer ungdom under 26 år til kurs der du kan lære å sy di heilt eiga bunadsskjorte. Kurset er ein del av eit større prosjekt der målet er at fleire unge skal få betre kjennskap til bunadssaum og grunnleggande handverksteknikkar.
Kurset går over fire kveldar og to helgedagar.
Kurset finn stad i Oslo.
Påmeldingsfrist: sundag 1.april kl.23.59
Om kurset:
Dette kurset strekker seg over fire onsdagar og ei helg i april. På kurset skal du lære korleis du tek mål, klipper opp og syr saman stoff til ei bunadsskjorte. Mønsteret tek utgangspunkt i ei stakkeskjorte frå Hallingdal og vi brukar kvalitetsstoff av 100% bomull kjøpt på Heimen Husfliden.
Du vil bruke både handsaum og maskinsaum for å ende opp med ei heilt ny bunadsskjorte som du sjølvsagt skal få ta med deg heim og bruke slik du ønskjer.
Kursøkter er desse datoane og tidene:
1: onsdag 8.april kl.18-21
2: onsdag 15.april kl.18-21
3: laurdag 18.april kl.10-16
4: sundag 19.april kl.10-16
5: onsdag 22.april kl.18-21
6: onsdag 29.april kl.18-21
Merk: Det er forventa at du skal delta alle gongene.
Målgruppe:
Ungdom under 26 år som ønskjer å lære korleis sy si eiga
bunadsskjorte. Det er ein føredel med litt kjennskap til symaskinsaum på førehand, men ikkje eit krav.
Om kurshaldaren:
Instruktør på kurset er Barbro Tronhuus Storlien.
Barbro har svennebrev som buntmakar og bunadstilverkar og jobbar i dag med formidling av handverkstradisjonar i tillegg til at ho syr og broderer bunadar. Ho er ein erfaren kurshaldar innan brodering og bunadssaum, og har vore i prøvenemnd for bunadtilverkarafaget i 20 år. Barbro har ein eigen blogg der ho delar sine tankar om bunad, broderi og livet elles: https://frustorlien.blogspot.com/
Kurslokale:
Kulturvernets Hus
Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo
Prisar og betaling:
Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 1500,-
Kurspris ikkje-medlem: 2000,-
Prisen inkluderer
- Fire kveldar med kurs
- To dagar med kurs
- Lunsj dei to dagane med kurs
- Materiale til bunadsskjorte som du får ta med heim
Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.
OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med oss før du fullfører påmeldinga (post@ungdomslag.no).
Reise og mat:
Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj.
Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.
Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist for påmeldinger søndag 1.april kl.23.59.
MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.
Spørsmål ang. kurset kan rettast til rita@ungdomslag.no
Kurset er støtta av Sparebankstiftelsen DnB og Studieforbundet kultur og tradisjon.