Oppfølgingskurs hardangerbunad.
21. februar kl. 09:30 –
22. februar kl. 17:00
Hardanger folkemuseum
Museumsvegen 36, Utne, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Folgefonn husflidslag og Hardanger folkemuseum
Få hjelp med dei halvferdige prosjekta dine!
Har du vore på kurs hjå oss før, men ikkje kome i mål? Kanskje du har ein halvferdig bringklut, treng hjelp med monteringa, står fast på nokre av stinga i hardangersaumen, eller har gløymt korleis kniple-halvslaga eigentleg skulle gjerast? Eller kanskje du berre vil setja av ei helg til hyggeleg samvær og sying?
Dette er kurset for deg som treng litt hjelp, ein dytt for å koma i gang att, og/eller syns det er kjekt å vera på kurs. Du kan ta med kva prosjekt du vil, innan hardangersaum, bringklut og belte, smøyg, svartsaum, metallknipling, sjonaleist-strikking eller montering av skjorte og forkle. Det er mogleg kurslærar også kan hjelpa med andre prosjekt, men ta kontakt på førehand og høyr. Kurset er arrangert av Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag.
Tidspunkt og påmelding
Museet og husflidslaget sett opp eitt oppfølgingskurs i 2026, med Agnete Sivertsen som kurslærarar.
Kurset går over to dagar, laurdag 21. og sundag 22. februar på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00 kvar dag. Påmelding innan 11. februar 2026
Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.
Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.
Prisar
3400,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.
3900,- pr kurs for ikkje-medlemmar
Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj alle dagar.
Overnatting
Museet har rabattavtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får rabatt på overnatting i hotellet sitt kunst-anneks. For å tinga overnatting, ta direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Sjå også utnehotel.no
Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no