Aim behandling
25 March 10:00 –
26 March 15:00
Trondheim - Statens hus
Prinsens gate 1, Trondheim, Norge
About the event
Organizer: ST. OLAVS HOSPITAL HF, RVTS Midt
Kurshaldar er Tina L. Sæther, familieterapeut tilsett ved Statens barnehus.
Målet med kurset er å gi fagpersonar som jobbar direkte klinisk og behandlingsretta med barn og unge og familiane deira opplæring i AIM sin behandlingsrettleiar for ungdom (i alderen 12–18 år) med problematisk og skadeleg seksuell åtferd (SSA).
Behandlingsrettleiaren vart oppdatert i 2019, og gir ei innføring i mellom anna forsking/teoriar om utvikling hos barn, nyare kunnskap om traume og hjerne, tilknyting og sjølvregulering.
Denne oppbygginga støttar AIM3-modellen si vektlegging av stegvis utvikling og motstandskraft, samt økologiske metodar som legg vekt på multisystemisk endring og gjenopprettande prosessar.
AIM-behandling er ikkje ein manualbasert tilnærming, men oppmodar behandlaren til å vere kreativ i møte med behova til ungdommen og familien. Alle som deltar på kurset får ein behandlingsrettleiar.
Kva lærer du?
AIM sitt rammeverk for behandling er delt inn i fire fasar:
- Førebuing, engasjement og motivasjon
- Utvikle motstandskraft
- Seksualundervisning, relasjonar og skadeleg seksuell åtferd
- Vegen vidare og avslutning av behandling
For å kunne delta på kurset må ein ha gjennomført kurs i AIM3-utredning.
Målgruppe:
Tilsette i BUP, kommunale psykologar, BUF-etat (familievern, institusjon), miljøpersonale med oppfølgingsansvar, Statens barnehus, Konfliktrådet m.fl.
Anna info: Kurset vil bli søkt godkjent av Norsk psykologforening som 12 timar vedlikehaldsaktivitet for psykologspesialistar.