Instruktørkurs bygdedans (folkedans)
7 March 10:00 –
8 March 16:00
Teatersalen i BUL Oslo, Nynorskens hus
Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate, Oslo, Norge
About the event
Organizer: NOREGS UNGDOMSLAG
Instruktørkurs bygdedans (folkedans)
7.-8. mars 2026 inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs i folkedans med tema korleis lære bort bygdedans. Instruktør er Vegar Vårdal i lag med musikar Olav Christer Rossebø.
Påmeldingsfrist: torsdag 19. februar kl. 23:59.
Om kurset:
På dette instruktørkurset tek vi for oss dei eldste dansetradisjonane i Noreg (bygdedans). Du får lære verktøy for korleis du kan lære vekk bygdedans til barn, ungdom og vaksne. Vi tek for oss element som takt og rytme, form, samdans og kva som skil dei ulike bygdedanstypane frå kvarandre. Vegar tilpassar kursinnhaldet til dei bygdedansformene som deltakarane ønskjer å ta tak i. Alle metodane og verktøya du lærer vil du kunne overføre til andre type dansar når du sjølv skal lære vekk bygdedans eller anna type folkedans. Vi vil jobbe med korleis kvar enkelt kan finne sin eigen måte å undervise i dansar som mange andre har undervist i før deg.
Kurset er praktisk og det vil bli vektlagt mykje dansing undervegs. Kurset vil ha fokus på metodikk framfor å lære nye dansar, så det er ein føresetnad at du har dansa ein del før.
Det blir også rom for erfaringsdeling, utprøving og refleksjonar.
Målgruppe:
Instruktørar og instruktørspirer som ønskjer å lære meir om korleis lære vekk bygdedanstradisjon til andre dansarar.
Om instruktøren:
Instruktør på kurset er Vegar Vårdal. Vegar er ein allsidig folkedansar og -musikar. Han er ein av dei fremste pedagogane i landet og har halde ei rekkje kurs for Noregs Ungdomslag. Vegar har eit engasjement som smittar og er god på å gje individuelle attendemeldingar som kan hjelpa deg til å bli ein endå betre instruktør, dansar og hjelpe deg med å bli endå meir bevisst på din eigen dans.
Musikar på kurset er dyktige Olav Christer Rossebø.
Program (med atterhald om endringar):
Kurs laurdag 10:00-16:00
Kurs sundag 10:00-16:00
Anbefalt program utanom kurstid (billett kjøpast direkte hjå Riksscenen):
Fredag kl. 20: Platesleppkonsert ISTEM + dans på Riksscenen: https://www.riksscenen.no/istem.6734079-515567.html
Laurdag kl. 18: Plateslepp med Håvard Svendsrud: https://www.riksscenen.no/plateslipp-med-haavard-svendsrud.6736727-515567.html
Laurdag kl. 20: Stor dansefest på Riksscenen: https://www.riksscenen.no/dansefest-3-b-over-stok-og-steen-buss-for-tog.6736454-515567.html
Kurslokale:
Teatersalen i BUL/Nynorskens hus, Rosenkrantz’ gate 8, Oslo.
Overnatting:
Har du behov for overnatting ordnar kvar enkelt dette sjølv. Men vi vil anbefale Hotell Bondeheimen som ligg like ved kurslokalet og ein liten spasertur frå Riksscenen (der mykje sosialt skjer om kvelden). Medlemmar i Noregs Ungdomslag får 15% rabatt på overnatting ved framvising av medlemskort, ta kontakt på mail/telefon direkte med hotellet for booking.
Prisar og betaling:
Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 600,-
Kurspris ikkje-medlem: 1100,-
Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.
Lunsj, kaffi/te og snacks er inkludert i kursprisen for begge dagar.
OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med oss før du fullfører påmeldinga (post@ungdomslag.no).
Reise og mat:
Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj.
Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.
Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist for påmeldinger torsdag 19. Februar kl. 23.59.
MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.
Spørsmål ang. kurset kan rettast til torbjorn@ungdomslag.no.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.