Tur til Stegane, Matre //Tråkk Bergen
Saturday 30 May
10:00 – 18:00
Hummelfoss gamle kraftverk
Matre, Matredal, Masfjorden, Norge
About the event
Organizer: TRÅKK - BERGEN
Tur til Stegane i Matre
Lørdag 30. mai kan du bli med til Stegane i Matre og oppleve imponerande trapper i bratt fjellterreng på den gamle vegen til fjellgarden Kringlebotn. Her er det luftig, men ikkje vanskeleg dersom du ikkje har høgdeskrekk. Turen er bratt, trappene er solide og på utsette parti er det gelender i jern. Trinna er til tider veldig så og “tette” så det er viktig å trø varsamt.
På toppen blir vi belønna med utsyn til eit flott vatn og spanande jettegryter, og dei som vil kan ta eit forfriskande fjellbad i Hummelvatnet. Namnet Stegane har vegen fått fordi det i begynnelsen var trestigar å klatre opp i på dei verste partia.
Vi satsar på å vere tilbake i Knarvik rundt kl. 17.
På veg tilbake til Bergen er det mogleg å stoppe for å ete middag på Ostereide kro. Kryss gjerne av i påmeldingsskjema om du er interessert i dette.
NB! Vérforbehold På grunn av bratt og luftig terreng vil denne turen bli avlyst ved regn og dårleg vér.
Om turen:
Dette er ein middels krevande fottur. NB! Bratt og luftig i trapper med rekkverk på innsida.
- Lengde: 0,5 km
- Tid: ca. 1 time opp, 0,5 time ned
- Høgde: 200 høgdemeter totalt
- Turen går ein veg, frå A-B
Ta med: Lunsj, snack, drikke, sitteunderlag, solbriller, solkrem, badetøy (viss du vil) og gjerne eit ekstra klesskift.
Praktisk informasjon:
- Turmål: Stegane i Matre
- Plassar: 10 deltakarar + turleiar
- Oppmøtestad: Knarvik terminal/parkeringsplass ved Knarvik senter
- Oppmøtetid: kl. 10:00
- Det blir samkøyring frå Knarvik til startpunktet Hummelfoss gamle kraftverk. Køyreturen er på 59 km og tek omlag 1 time.
Pris: Gratis*
*Ved samkøyring kjem køyrepengar for bensin/transport som blir betalt direkte til sjåføren. Taksten er 4,- kr pr. km, og dette blir delt på alle i bilen.
For denne turen er det påmelding i Checkin. Vi opnar for påmelding torsdag 14. mai kl. 10. Påmeldinga stenger når turen er full eller seinast torsdag 28. mai klokka 21.00.