Seminardag FolkOrg og Noregs Ungdomslag
Saturday 31 January 2026
10:00 – 17:00
Oslo
Rosenkrantz' gate, Oslo, Norge
About the event
Organizer: NOREGS UNGDOMSLAG
31.januar 2026 inviterer FolkOrg og Noregs Ungdomslag til seminardag med instruktøren i fokus, i Oslo. Endeleg kursstad blir offentleggjort snarleg.
Påmeldingsfrist 24.januar.
Tidsplan for dagen
10.00: Workshop: Korleis halde eit kræsjkurs i dans?
11.45: Lunsj
12.30: Seminar: Språk i folkedansen
16.00: Instruktørnettverk
Workshop: Korleis halde eit kræsjkurs i dans?
Det går ei dansebølge over landet, og FolkOrg ønskjer å bidra til at enda fleire får kjenne gleda av den sosiale dansen! Laurdag 31. januar inviterer vi difor til ein inspirerande workshop for deg som vil bli tryggare på å halde korte, engasjerande kræsjkurs i dans – anten du underviser erfarne dansarar eller heilt ferske nybyrjarar.
I løpet av kurset får du konkrete verktøy, tips og metodar for korleis du kan byggje opp og gjennomføre eit kræsjkurs som både motiverer, inkluderer og skaper danselyst. Vi ser på ulike formidlingsgrep, arbeidsformer og dynamikkar som kan gjere undervisninga meir leiken, effektiv og tilgjengeleg for alle deltakarar. Målet er at du skal reise heim med nye idear til korleis du kan formidle dans på ein måte som senkar terskelen og styrkjer fellesskapet rundt den sosiale dansen.
Kurset passar for:
Danseinstruktørar, folkemusikk- og folkedansformidlarar og andre som ønskjer å utvikle undervisinga og utvide danseverktøykassa si.
Kurshaldar:
Kurset vert leia av dansar og koreograf Sigurd Johan Heide. Sigurd har lang erfaring som instruktør og formidlar, og har vore prosjektleiar for Bygda dansar. Som kunstnarisk leiar for dansekompaniet Kartellet har han utvikla nye og utradisjonelle formidlingsgrep som har vore med på å endre synet på kva dans kan vere. Under denne workshopen vil han dele av sin erfaring, motivere deltakarane og vise fram ulike modellar for korleis ein kan vekkje til live den sosiale dansen – på kort tid og med stor effekt.
Kurset er gratis med begrensa antal plassar. Bli med på ein lærerik og energifylt formiddag som gir deg større tryggleik som instruktør og nytt påfyll til framtidige kræsjkurs!
Kurset er ein del av FolkOrg si satsing Dansen som møteplass, som er finansiert av midlar frå Sparebankstiftelsen DNB.
Seminar: Språk i folkedansen
Bli med på seminar om språk i (folke)dansen!
Korleis kan vi best forklare dansen til nokon som ikkje er så kjent med språket?
Dansen i seg sjølv er jo språk. Kva skal ein då med ord og omgrep?
Finst det stammespråk innan dansen som ikkje alle forstår?
Desse og andre spørsmål kjem Stian Roland og Rita Sirirud Vatnehol til å løfte i dette seminaret. Det vil bli mykje dans, refleksjon og diskusjon rundt korleis ein uttrykker seg når ein skal lære vekk dans til andre.
Seminaret passar for:
Er du instruktør eller har du erfaring med å lære vekk dans til andre, så passar dette seminaret for deg. Det passar også for deg som ønskjer å reflektere over eigen formidling og ulike pedagogiske virkemiddel.
Seminarhaldarar:
Stian Roland er folkesongar og folkedansar med utdanning innan folkedans og tradisjonskunst ved USN, Rauland, Ole Bull-Akademiet og NTNU. I dag jobbar Stian som programansvarleg for bachelor i folkedans ved USN. Han er ein erfaren og mykje brukt instruktør og kurshaldar i dans for både erfarne og nye dansarar, med brei kompetanse innan ulike tradisjonsområde. Med seg på seminaret har han kulturrådgjevar i NU, Rita Sirirud Vatnehol. Ho er aktiv folkedansar og instruktør i lokallag. Rita er utdanna pedagog og har lang erfaring i å halde kurs for både barn og vaksne.
Instruktørnettverksmøte
Nettverksmøte for instruktørar innan dans. Det blir erfaringsdeling og refleksjon rundt eigen instruksjon og ulike pedagogiske grep ein kan gjere. Ope for alle interesserte.
Praktisk
Stad: Oslo (endeleg kursstad blir informert om snarleg)
Tid: Laurdag 31.januar kl.10.00 - 17.00
Pris: Gratis. Moglegheit for å kjøpe lunsj.
Du kan delta på heile eller delar av dagen.
Merk: Avgrensa tal plassar.
Seminardagen er ein del av programmet til festivalen Dans Dans Dans.