BOKBAD // Olaug Nilssen bokbader Kari Eika på Litteraturhuset i Oslo
Thursday 30 October
19:00 – 20:15
Litteraturhuset
Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Norge
About the event
Organizer: STIFTELSEN SOR
Olaug Nilssen bokbader Kari Eika på Litteraturhuset.
Eika er aktuell med boka 'Ei forteljing om det ufortalde. Broren min Kjetil og helsetenestas definisjonsmakt' utgitt på Universitetsforlaget i år. Les mer om boka her: https://www.universitetsforlaget.no/ei-forteljing-om-det...
Universitetsforlaget skriver dette om boka på sine nettsider: Ei forteljing om det ufortalde er ein forsøksvis biografi om ein høgt elska bror, som frå han var fem år voks opp på institusjon. Det er også ei forteljing om det samfunnet og dei helseprofesjonane som meinte at dette var «det beste» for ein liten gut med Downs syndrom. Denne faglege tilrådinga tok frå han moglegheiter andre barn fekk, og skapte eit liv i motstand.
Forfattaren leitar etter Kjetil Eika si stemme i det som finst av arkivert journalmateriale, i forteljingar ho elles har høyrt og i eigne personlege minne. Kva møtte han som femåring og seinare? Og korleis opplevde han det sjølv?
Boka er eit oppgjer med eit menneskesyn vi som samfunn burde ha forlate for lengst, men som framleis er med oss på lite synlege, men høgst verksamme måtar. Det er også eit oppgjer med eit kunnskapssyn som framleis gjennomsyrar faglege praksisar og lovverk, og som det er på høg tid å revidere.