"Meir himmel på jord" Fagdagar for kunst og kultur
24. oktober 2018 kl. 12:00 –
25. oktober 2018 kl. 16:00
Vetrlidsallmenningen 8, 5014 Bergen, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Den norske kyrkja, v/Bjørgvin bispedøme
MEIR HIMMEL PÅ JORD
- med kunst, kultur og musikk som sentrale verkemiddel
Fagdagar for kunst og kultur
Korleis kan kyrkje og kultur saman vise vegen til eit rikare kristenliv? - Korleis kan me saman få ei ny tru på liturgien?
Bjørgvin bispedøme og Bergen kirkeautunnale inviterer både prestar og kyrkjemusikarar og andrer interesserte til ei berikande og utfordrande samling om dei vegvala som ligg framfor oss.
Tid: 24.—25. oktober 2018 Stad: Centralkirken, Vetrlidsalmenningen 8 i Bergen.
Deltakaravgift kr 900, (inkl. måltid, På troen løs og konsert) Fagdagane blir arrangert med støtte frå KA. Prestane tilsett i Bispedømet, får dekka kursavgifta. Reise og reisetid vert ikkje dekka.
Frist for påmelding: 18.10.18 Kontaktperson: Ragna Sofie Grung Moe. E-post: rm548@kyrkja.no. Mob. 952 77 371
Program
Onsdag 24.10 12:00 Registrering og lunsj
13:00 – 14:00 KUNST OG KULTUR I KYRKJA – KA NO? Kristin Vold, kantor og korleiar på Nøtterøy, reflekterer over kirkemøtets vedtak i sak KM 11/18 «Veivalg for Den norske kirkes kultursatsing» og kjem med forslag til korleis vi kan levandegjere det som no er vedteke.
14:15– 16:15 KYRKJA I KULTUREN OG KULTUREN I KYRKJA - Panelsamtale Ragnhild Gudbrandsen, skodespelar, Eirik Breivik Minde, ungdoms- kantor - Kristin Vold, kantor. Moderator: Ketil Nødtvedt, prest
16:30 – 17:30 KYRKJERÅDET SITT REKRUTTERINGSPROSJEKT Prosjektleiar Aleksander Garmann Gullaksen
17:30 – 18:30 Felles måltid
19:00 – 20:30 PÅ TROEN LØS. Litteraturhuset i Bergen Kvifor skal kyrkja drive med kultur? Biskop Halvor i samtale med salmedikter Eyvind Skeie og journalist Hilde Sandvik
21:00 Bach: Goldbergvariasjoner Christian Hundsnes Grøvlen, piano. Stad: Tårnsalen, KODE
Torsdag 25.10 «TRUR VI PÅ LITURGIEN?»
9:00-9:30 MORGONSONG Henny Koppen og Sigurd Øgaard
09:30 – 10:30 TRUR VI PÅ LITURGIEN? Prest Ketil Nødtvedt og kantor Bjørn Andor Drage.
10:30 – 12:00 LITURGISK MUSIKK I PRAKSIS
Prestane for seg sjølve. Med Henny Koppen, prest og organist. Sigurd Øgaard, domkantor.
Kantorane for seg sjølve. Med kantor Bjørn Andor Drage (i Domkirken)
12:00 – 13:00 Lunsj
13:15 – 14:15 Samspel. Felles økt i Domkirken Henny Koppen og Bjørn Andor Drage
14.30- 16:00 Kvalitet i søknadsskriving/prosjektutvikling Hild Borchgrevink, konsertprodusent og musikkviter På Litteraturhuset


