Instruktørkurs runddansrytmar (folkedans)
8 November 09:30 –
9 November 15:00
Steinkjer barneskule
Steinkjer Barneskole, Sannangata 1, 7713 Steinkjer, Norge
About the event
Organizer: NOREGS UNGDOMSLAG

8.-9. november 2025 i Steinkjer under Hilmarfestivalen
Bli med på instruktørkurs i folkedans med fokus på runddansrytmar 8.-9. november 2025 i Steinkjer. Kurset skjer i samarbeid med og parallelt med Hilmarfestivalen og HilmarUng. På kveldstid kan du gå på konsertar og dansefest i regi av Hilmarfestivalen. Alle kursdeltakarar får tilbod om gode prisar på festivalen.
Påmeldingsfrist: torsdag 23. Oktober kl. 23:59.
Om kurset
Runddans er ein sentral dansefamilie innanfor norske dansetradisjonar og på dette instruktørkurset går me inn på rytmane innanfor dei fire runddansane vals, masurka, polka og masurka. Her vil me gå inn på lokale runddansvariantar der det er naturleg og rundansrytmer sett i samanheng med bygdedans, songdans, turdans og songleikar. Du lærer gjennom dette metodar for å læra bort og leia dans.
Målgruppe
Dette kurset er for deg som vil lære meir om korleis du kan instruere i folkedans med fokus på runddansrytmar. Du bør ha erfaring med dei ulike runddansane.
Om instruktøren
Denne gongen har vi fått med oss dyktige Inga Myhr til å halde kurs. Ho kjem frå Trysil, bur no i Bergen og er ein av fire folkedansarar med bachelor i utøvande folkedans frå NTNU. Ho har vore sentral som instruktør og pedagog i fleire Bygda Dansar-prosjekt og som prosjektmedarbeidar i eitt av fylka der Bygda Dansar har funne stad. Inga har mykje erfaring som instruktør og kurshaldar for ulike aldersgrupper. Ho har eit breitt repertoar og god kjennskap til fleire ulike folkedanssjangrar i tillegg til eit stort engasjement for folkedansen.
Musikar: info kjem.
Praktisk informasjon:
Timeplan (førebels)
Fredag 7. november
- Konsertar og dansefest på Hilmarfestivalen utover kvelden (valfritt, eigen billett)
Laurdag 8. november
- 09:30 Kurs
- 12:00 Lunsj - felles med HilmarUng
- 13:00-16:30 Kurs
- 17:00 Middag – felles med HilmarUng (valfritt, eigen billett)

Sundag 9. november
- 10:00 Kurs
- 12:30 Lunsj - felles med HilmarUng
- 13:30 Kurs
- 15:00 Takk for no
Kurslokale:
Steinkjer barneskole, Sannangata 1, 7713 Steinkjer.
Måltid skjer på Samfunnshuset (like borti gata) i lag med HilmarUng.
Prisar og betaling:
- Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 500,-
- Kurspris ikkje-medlem: 1000,-
Lunsj, kaffi/te og snacks er inkludert i kursprisen.
Billettpris Hilmarfestivalen (eigen pris for kursdeltakarar) velg mellom:
- Festivalpass: 990,-
- Dagspass fre/lør: 495,- per dag
- Dansepass fre/lør: 250,-
Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.
OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.
Reise og mat:
Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj. Det er mogleg å delta på felles middag laurdag og frukost laurdag og sundag saman med HilmarUng.
- Middag laurdag kl. 17:00 med HilmarUng: xxx,- pris kjem
- Frukost laurdag/sundag kl. 09:00 med HilmarUng: xxx,- pris kjem
Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.
Overnatting:
Har du behov for overnatting ordnar kvar enkelt dette sjølv. Aktuelle overnattingsstader er til dømes:
- Quality hotel Grand Steinkjer
- Best Western Tingvold Park Hotel
- Steinkjer Camping
- Airbnb
Er du medlem i NU, sjekk medlemskortet ditt for rabattkoder på aktuelle hotell.
Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 23. oktober kl. 23.59. Dersom kurset skulle få for få påmeldte kan det bli avlyst seinast fredag 24. Oktober.
MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.
Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.