Verkstad: Sy i selskinn 15:00
Saturday 13 September
15:00 – 17:00
Nasjonalbiblioteket i Oslo
Henrik Ibsens gate 110, Oslo, Norge
About the event
Organizer: NASJONALBIBLIOTEKET
Kva skal skje?
I denne verkstaden skal du få sy deg ein nøkkelring i handgarva selskinn. Selskinn har blitt nytta i sjøsamiske samfunn langt tilbake i tid, men stadig færre kan handverket som krevst for nytte seg av heile dyret etter slakt. Undervegs i verkstaden får du lære om den sjøsamiske historia samstundes som du får god rettleiing i arbeidet med å sy i det vakre skinnet.
Kven møter du?
Inga Elise Påve er førsteamanuensis i duodji ved Sami University of Applied Sciences – Sámi allaskuvla.
Når og kor?
Laurdag 13. September kl. 11 og kl. 15
Nasjonalbiblioteket, 2. etasje, inngang frå Solli plass.
Slik kjem du deg hit: https://www.nb.no/besok/
Treng du billett?
Verkstaden er gratis, men du må melde deg på for å sikre deg plass.
Møt opp seinast ti minutt før start. Påmelding er bindande.
Uavhenta billettar blir frigjorde ti minutt før start.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar.
Mat og drikke?
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa
Credo driver kafé, bakeri og kantine på Nasjonalbiblioteket. Under handverksfestivalen serverer dei tradisjonsmat frå havet.
Velkomen!