FOLKA 2025 - Rekrutteringskonferanse
21 October 11:30 –
22 October 14:30
Grand Hotell Skei
Grand Hotel Skei, E39, Skei, Norge
About the event
Organizer: FRAMTIDSFYLKET AS
FOLKA 2025: Fire generasjonar – eitt arbeidsliv
Korleis byggjer vi ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?
Aldri før har arbeidslivet romma eit så stort spenn av erfaring, forventningar og motivasjon som det gjer i dag. Fire generasjonar på arbeidsplassen – frå dei erfarne babyboomerane til generasjon Z med blikket retta framover – utfordrar oss på leiarstil, kultur, kommunikasjon og teknologi. Korleis rekrutterer, engasjerer og held vi på dei rette folka, når behova og forventningane er ulike?
21.- 22. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap om rekruttering til konferanse på Skei. Her får du konkrete tips og nye perspektiv på tvers av generasjonar – og kanskje eit lite skråblikk på din eigen leiarstil?
📍 Stad: Grand Hotel Skei
⏱ Tid: 21. oktober kl. 11.30-16.00 og 22. oktober kl. 09.30-14.30.
Dersom du er medlem i ein av arrangørorganisasjonane, kjøper du medlemsbillett.
På dag éin tilbyr vi to ulike workshoppar som du kan velje mellom. Dag to er konferansedagen der du får høyre leiande foredragshaldarar innanfor tre hovudtema: generasjonsleiing, psykisk helse og digital arbeidsplass.
21. okt: Workshop
Du vel mellom:
1: Korleis fremje ein god organisasjonskultur, FAVNA Sogn
2. Arbeid og psykisk helse, Nav Arbeidslivssenter Vestland
NB: Hugs at du berre kan velje éin av workshoppane då dei går parallellt.
22. oktober: Rekrutteringskonferanse
- Vigdis Austrheim, konferansier og erfaren leiar
- Kristin Westreng Aas, hovudjeger
- Kjetil Krogstad, influenser
- Tor Erik Danielsen, arbeidsmedisiner og medforfattar av Norsk Jobbhelserapport
- Kristoffer Hopsdal, leiar for strategisk rådgjeving i ATEA
- Solbjørg Hanitz, psykologspesialist BUP
- Highsoft: Frå gimmick til kultur med The Happiness Department
- Marita Frøyen: Slik brukar BANO KI i HR- og rekrutteringsarbeidet
- NYHEIT: Kåring av FOLKA-prisen!
Sjå fullt program på våre nettsider.
Helsing arrangørane,
Framtidsfylket Vestland, Nordfjordkompaniet, Sunnfjord Utvikling, Sogn Næring og NHO Vestland