Næringskonferansen i Flåm 2025
16 October 11:30 –
17 October 13:00
Fretheim Hotel
Nedre Fretheim 7, 5743 Flåm, Norge
About the event
Organizer: Norway's Best AS
Næringskonferansen i Flåm 2025 - Fretheim Hotel, 16. – 17. oktober
Verdiskapande næringsliv - kunnskap, nettverk og endring
Verda er i rask endring, og det globale makrobildet er meir kaotisk enn på lenge. Korleis påverkar dette oss lokalt – som samfunn, bedrifter og enkeltmenneske?
På årets Næringskonferanse i Flåm set vi søkelys på kva som skal til for å skape eit verdiskapande næringsliv i møte med uvisse og endring. Kva blir dei viktigaste drivarane framover? Og korleis kan vi bruke kunnskap og nettverk som kraft i utviklinga av framtidas næringsliv?
Bli med til Flåm for fagleg påfyll, gode samtalar og nye perspektiv!
Torsdag 16. oktober
Vi startar med minglelunsj med eit variert utval av lokal mat og drikke
Journalist og forfattar Harald Stanghelle stiller med makrobrillene på og gir oss eit innblikk i den aktuelle politiske situasjonen.
Fleire regionale næringsaktørar fortel sine suksesshistorier og kva dei meiner skal til for å lukkast med næringsutvikling framover.
Vi inviterer til sofaprat om endringar, utfordringar og moglegheiter.
Tidlegare langrennsløpar Odd-Bjørn Hjelmeseth deler sin bodskap om at suksessen for å lukkast er å spele på lag og gjere kvarandre gode.
Etter ein dag med fagleg føde står Fjordsaunaen i Flåm klar for dei som vil kombinere sauna og eit bad i eit av verdas vakraste fjordlandskap.
Tradisjonen tru samlast vi til smak og prat på Fretheim Hotel om kvelden, der vi også annonserer vinnar av SognaPitch og årets bedrift i kåringa til Sogn Avis.
Fredag 17. oktober
For dei som vil ha litt fysisk aktivitet før frukost, startar vi dagen med ei lita treningsøkt i Fretheimsalen.
Siri Sandholt, med brei leiarerfaring som tidlegare HR-direktør i selskap som Coop Norge, Telenor og Cisco, opnar fredagsprogrammet med å ta oss inn i dei viktigaste trendane som vil prege arbeidslivet framover. Korleis skal vi som organisasjonar og leiarar ta ansvar i endring, når både retning og tempo stadig må justerast?
Agnes Brudvik Engeset er leiar for Vestlandsforsking sitt nye kunnskapssenter for berekraftig reiseliv. Ho vil gi oss eit innblikk i korleis senteret skal hjelpe reiselivet til å bli meir berekraftig og konkurransedyktig.
Advokatfirmaet Tollefsen ser tilbake på 35 års arbeid med næringsutvikling og kva som har vore avgjerande for å lukkast.
Sjefsøkonom i Sparebank 1 Elisabeth Holvik utforskar dei økonomiske utsiktene i ein uroleg verden. Korleis skal vi navigere framover?
I avslutningsforedraget til lege og psykiater Jon G. Reichelt, kjent frå tv-programmet Kompani Lauritzen, vil han setje søkelyset på leiing under tittelen "Leiing - ei holdningssak".
Før vi reiser heim med lunsjpakke frå Fretheim Hotel, vil driftsdirektør i Norway’s best AS, Bent-Cato Danielsen takke for i år og sende med oss sine ord inn i helga.
Det blir sjølvsagt rikeleg tid til mingling, det blir underhaldning og mykje god mat.
Rabattkode for overnatting på Fretheim Hotel: Næringskonferansen2025
Bestill her!