VR25: Snøggprat i lyngen: streit singeltur
Friday 18 July
13:00 – 14:30
Vinjerock
Vinjerock, Vang i Valdres, Norge
About the event
Organizer: VINJEROCK AS
Singel, glad i festivalar og likar å gå i fjellet? Då hadde det kanskje vore midt i blinken å finne kjærleiken – midt mellom telt og tindar.Me ønskjer å sjå flørt i fjellet og vonar på god stemning når me inviterer til denne singelturen. To turleiarar viser veg og legg til rette for ei triveleg og uformell oppleving. Me gjer òg vårt beste for å sikre balanse mellom kjønna.
Her slepp du å lure på om ho i naboteltet er singel – og om de eigentleg har noko felles. Og viss du ikkje finn kjærleiken akkurat i dag, har du i alle fall fått deg ein fin tur – og ei grøn hue du kan ta med deg på neste fjellflørt.
Gradering: grøn
Antal plassar: 30
Pris: Gratis med påmelding
Tidspunkt:
- Fredag 13:00–14:30
Utstyr:
- Matpakke
- Stor vassflaske
- Gode sko
- Grøn hue
- Glimt i auget
Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 12:45 – turen startar kl. 13:00.
I mellomtida oppmodar me alle til å lese seg opp på fjellsjekkereglane:
Fjellsjekkereglane
- Legg gjerne ut på sjekking i fjellet utan trening. Øving gjer meister!
- Meld frå kvar du går, slik at de kan møtast igjen.
- Vis respekt for andre si luefarge. Grøn = ledig, raud = opptatt, oransje = kanskje open for kontakt.
- Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalde.
- Ta alltid med rikeleg med tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte via magen.
- Lytt til erfarne fjellsjekkarar.
- Hugs kart og kompass – det gir òg ein god grunn til å spørje om hjelp.
- Gå ikkje åleine – spør om de skal slå fylgje.
- Vend i tide – det er ingen skam å springe etter for å be om telefonnummeret.
- Spar ikkje på smila – og le gjerne av dårlege vitsar!
Turen er i regi av DNTung