VR25: Snøggprat i lyngen: skeiv singeltur
Friday 18 July
10:00 – 11:30
Vinjerock
Vinjerock, Vang i Valdres, Norge
About the event
Organizer: VINJEROCK AS
Er du singel, glad i festivalar og likar å gå i fjellet? Då finst det kanskje ikkje noko betre enn å finne kjærleiken – under Vinjerock!Me vil sjå flørt i fjellet og håpar det oppstår søt musikk når me lanserar den gode stemninga frå singelturane i skeiv versjon. Om du er han, ho, eller hen – alle er velkomne til å prøve å finne kjærleiken saman med oss.To turleiarar viser veg og sørger for god stemning, og me avsluttar det heile med å gå i PRIDE-paraden saman med resten av festivalgjengen. Me gjer sjølvsagt vårt beste for å sørge for variasjon i kjønnsbalansen!
Her slepp du å lure på om kjekkasen i teltet ved sida av er singel – og om de eigentleg har noko til felles. Finner du ikkje kjærleiken akkurat denne gongen, så har du i alle fall fått deg ein fin tur – og ei grøn eller regnbogefarga hue du kan bruke på neste fjelltur.
Gradering: grøn
Antal plassar: 30
Pris: Gratis med påmelding
Tidspunkt:
- Fredag 10:00–11:30 (Pride startar 11:30)
Utstyr:
- Matpakke
- Stor vassflaske
- Gode sko
- Grøn eller regnbogefarga hue
- Glimt i auget
Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 09:45 – turen startar kl. 10:00.
I mellomtida oppmodar me alle til å lese seg opp på fjellsjekkereglane:
Fjellsjekkereglane
- Legg gjerne ut på sjekking i fjellet utan trening. Øving gjer meister!
- Meld frå kvar du går, slik at de kan møtast igjen.
- Vis respekt for andre si luefarge. Grøn = ledig, raud = opptatt, oransje = kanskje open for kontakt.
- Bli vêrfast – og få ein ekstra dag til å finne din utvalde.
- Ta alltid med rikeleg med tursnacks som kan delast. Vegen til hjartet går ofte via magen.
- Lytt til erfarne fjellsjekkarar.
- Hugs kart og kompass – det gir òg ein god grunn til å spørje om hjelp.
- Gå ikkje åleine – spør om de skal slå fylgje.
- Vend i tide – det er ingen skam å springe etter for å be om telefonnummeret.
- Spar ikkje på smila – og le gjerne av dårlege vitsar!
Turen er i regi av DNTung