VR25: Topptur til Galdeberget (2075 moh.)
18 July 09:00 –
19 July 17:00
Vinjerock
Vinjerock, Vang i Valdres, Norge
About the event
Organizer: VINJEROCK AS
Har du lyst å samle ein av Noregs 2000-meterstoppar? Bli med DNT ung på ein krevjande – men super sosial – dagstur til Galdeberget. Toppen ligg heile 2075 moh, og herifrå får du storslått utsikt over Jotunheimen.Turen startar frå festivalområdet der me følgjer stigen langs nordsida av Bygdin, før me tek fått på oppstigninga mot Høystakktjernet. Vel forbi Høystakkene tar me av den T-merka stien og går mot toppen av Galdeberget.
Turen går i variert terreng, med enkelte parti med ur og ulendt underlag. Det er ingen utsette parti på ruta, men toppen kan opplevast som litt luftig. Me må rekne med å passere nokre snøfonner undervegs.Dette er ein lang og krevjande tur som føreset at du har erfaring med å gå i fjellet med dagstursekk.
Praktisk informasjon
Turen varer om lag 8–9 timar i moderat tempo (ca. 3 km/t), men tid og tempo vert tilpassa vêr og deltakarar.Har du behov for tilrettelegging? Sei frå til turleiar, så finn me ei løysing som passar.
Gradering: Raud
Antal plassar: 14
Pris: 350,-
Tidspunkt:
- Fredag 09:00–17:00
Utstyr:
- Stor og god nistepakke
- Stor vassflaske (Det er mogleg å fylle undervegs, men du bør ha med ei stor flaske)
- Gode fjellsko
- Varme klede (vind- og vasstett jakke og bukse, hue, vottar, buff, ullundertøy og ullsokkar)
- Solbriller og solkrem
Oppmøte: Over vegen frå turinformasjonen, skilt med "Møteplass". Oppmøte kl. 08:45 – turen startar kl. 09:00.
Turen er i regi av DNTung