OPE MEDLEMSMØTE 18. MARS – VERDSPOLITIKKEN SIN PÅVERKNAD PÅ LOKALT NÆRINGSLIV
Tuesday 18 March
14:00 – 16:00
Peak Sunnfjord
Hafstadvegen 23, Førde, Norge
About the event
Organizer: Peak Sunnfjord AS
I samarbeid med Sunnfjord Utvikling og PEAK Sunnfjord inviterer Sogn og Fjordane Næringsråd til ope medlemsmøte tysdag 18. mars på PEAK. Kva påverknad har dei geopolitiske utfordringane for oss i næringslivet? Treng me ha fokus på krig, USA og Russland, eller kan me trekke ned rullegardina og leve i vår eiga boble i Sogn og Fjordane?
Sogn og Fjordane Næringsråd har sidan november arbeida med eit prosjekt der medlemspleie og medlemsverving har stått sentralt. Til å hjelpe oss med dette i Sogn har me hatt med oss Erlend Fardal Lunde frå Favna Sogn. Han er med oss vidare, i første omgang til mai 2025, og erfaringsinnsamling til vårt arbeid i heile Sogn og Fjordane er ein del av oppdraget.
Ein suksess me tek med oss frå Sogn var opne medlemsmøte. Dette vil me no forsøke å gjere fleire stader i fylket, gjerne i samarbeid med lokale samarbeidspartnarar. Fardal Lunde skal også jobbe med oss i andre deler av Sogn og Fjordane og planlegg saman med medlemane våre, Pål Anders Kårstad frå PEAK og Gunnhild Berge Stang i Sunnfjord Utvikling det opne medlemsmøtet i Førde tysdag 18. mars.
Nesten dagleg vaknar me opp til nye push-varsel som tek oss inn i ei verd me undrar på om er verkeleg eller om me framleis drøymer. Trump skapar ubalanse og uro i Europa, i Norge og hjå oss alle, men kor mykje treng me eigentleg bry oss?
Me har lagt opp til eit spanande program for å gi svar på dette:
Innleiing
- Pål Anders Kårstad om PEAK Sunnfjord
- Bjørn Lødemel om Sogn og Fjoradne Næringsråd
«Trump 2.0 – er det ein raud tråd i kaoset?»
Ketil Solvik-Olsen
Trump har dominert mediebildet over lengre tid. Hans høge tempo og mange utspel skaper entusiasme blant tilhengarane medan frykt og usikkerheit pregar motstandarane. Han ønskjer å bli hugsa som ein mann av fred, men leflar med land og personar som i vestlege auge assosierast med ufred.
Finnes det ein raud tråd i det tilsynelatande kaoset? Vil Trump lukkast med å gjøre America Great Again? Ketil Solvik-Olsen vil dele av sine erfaringar frå politikk og USA slik at vi kan forstå litt meir av det som no utspelar seg hjå vår store nabo i vest.
«Vi og verda – konsekvensar for lokalt næringsliv»
Roy Stian Farsund, direktør bedriftsmarknad Sparebank 1 Sogn og Fjordane
«Makrobildet i ei uroleg verd»
Per-Hermund Høgheim, Sparebanken Vest Markets