Insomnia (1997)
Thursday 30 January
19:00 – 20:45
Nynorskhuset
Teater Vestland, Storehagen, Førde, Norge
About the event
Organizer: Sunnfjord Filmklubb
Insomnia (1997)
Regi: Erik Skjoldbjærg
Lengde: 97 min
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Drama, krim
Språk: Norsk, svensk
Sunnfjord Filmklubb er reiug for det nye året og medan vinterens mørke teppe endå ligg over oss, ferdast vi til Nord-Noreg om sommaren, handlingsstaden for den gripande norske noirfilmen Insomnia!
Kriposetterforskarane Jonas Engström og Erik Vik reiser for å etterforske mordet på ei ung jente. Under ein intens jakt på mordaren i tjukk skodde, vert Vik skoten og drept av Engström, som vel å halde det uheldige drapet løynd. Engström vert plaga av skuldkjensle og søvnproblem under midnattssola, medan det viser seg at det finst eit vitne til ugjerninga hans.
Stellan Skarsgård er hovudrolleinnehavar og gjev ein uforgløymeleg prestasjon. Regien er av Erik Skjoldbjærg, som nyttar denne psykologiske thrillaren til å utforske mani, skuld og tvitydig moral, samstundes som den vrir om på noirsjangeren og bytar ut mørke fuktige bysmug med eit evig kvelande sollys i norsk villmark. Filmen er rekna som eit av dei mest gripande skandinaviske krimdramaene frå si tid og hadde suksess både her i heimlandet og internasjonalt, såpass at i 2002 kom den amerikanske nyinnspelinga med blant anna Al Pacino og Robin Williams på rollelista og Christopher Nolan i registolen.
Ta turen inn i den mørke blackboksen i Nynorskhuset og finn ut kvifor, som filmens undertittel hevda, “den som synder ikkje søv.”