Musikkglede - festkonsert i Skjolden Fjordstove
Sunday 30 March
14:00 – 16:00
Fjordstova i Skjolden
6876 Skjolden, Norge
About the event
Organizer: SOGN MUSIKKDAGAR
Velkommen til ei vakker og sjeldan musikalsk oppleving der du får høyre eit samansett profesjonelt orkester, kor og solistar.
Del 1: Her blir det kammermusikk framført av musikarar frå Distriktsmusikarane i Vestland og Bergen filharmoniske orkester. Vi får også høyre harpe, eit instrument vi sjeldan høyrer på våre kantar. På repertoaret finn vi blant anna musikk av Schubert, Haydn, Nielsen og Poulenc. Vi får også innslag av folkemusikk og eit møte med unge talent.
Del 2: Sogndal songlag framfører "Förklädd gud" av den svenske komponisten Lars-Erik Larsson. Dette er eit av dei mest kjende og elska klassiske korverka i Sverige. Solistar er Ann-Margrit Silfverhielm frå Gloppen og Henning Lad frå Gaupne.
Konserten er ein del av Sogn musikkdagar. Dette er ein musikkfestival med vekt på kammermusikk, men vi byr også på folkemusikk og jazz. Sogn musikkdagar er eit samarbeid mellom Distriktsmusikarane i Vestland, frivillig musikkliv og Sogn kulturskule.